Over. Kunsten å se. Mot regn. Sov ikkje. Under. Frostskade. Lik meg. Bilde av frukt som rotnar. Culparegelen.

Over.

Ein kort, poetisk tekst om tru og forventningar, om vekta av inngrodde mønster og uskrivne reglar. Om forbode kjærleik og eit nytt liv som veks på innsida av kvinnekroppen.  
 
Inspirert av Ibsens Brand, det vestnorske landskapet, familiehistorie og kvinneperspektiv.

Tekstutvikling med støtte frå Dramatikkens Hus

Ibsen Scope, 2022 - Teater Ibsen

Mot regn.

Mot regn skildrar hudlausheita ein kan oppleve som nybakt forelder - når det kjennest som om alle menneske sine behov og problem angår deg personleg, og alt som skjer ute i verda skjer nær deg.

— Svært fritt etter Noahs Ark.

Tekstutvikling med støtte frå Kulturrådet og Dramatikkens Hus

Bergen Dramatikkfestival, 2022 - Cornerteateret.

Kunsten å se.

«Auget fanst før mennesket. I byrjinga fanst det lys, det fanst mørke, og auget var berre ein flekk på enkle organismar. Like fullt ei opning. Ei opning inn til alt som seinare skulle finnast.»

Sceneteksten er eit verktøy og eit framlegg - til inspirasjon. Den kan nyttast direkte, eller tolkast fritt gjennom rørsle, video, lyd, språk, ord, teikn, vibrasjonar og all anna scenisk handling.

Framsyninga «Kunsten å se» retta seg mot både døve, høyrselshemma og høyrande.

Med støtte frå Fritt ord og Dramatikkens Hus.

Festspillene i Bergen, 2022. Teater Manu, 2022

Gratis og uforpliktande verdivurdering.

Dramatisering

Hanne og Andreas har funne draumehuset. Vi følger småbarnsforeldra  i dagane fram mot bodrunden . Fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset i alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei? 

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» er ei dramatisering av Marit Eikemo sin roman med samme tittel. 

Teater Vestland 2022

Sov ikkje.

I Sov ikkje møter vi Eg, som i mangel på søvn, slit med å skilje røyndom og fantasi. Ho leitar etter Ho, som var saman med henne, men som no er borte. Kva har skjedd og kva er Eg si rolle i det heile? Gjennom hovudrolla sitt perspektiv blir vi tatt med på ei reise gjennom ein by, i eit forsøk på ein rekonstruksjon av noko som har hendt - eller har det eigentleg det? Ei slags kjærleikshistorie.


Bestillingsverk, Det Norske Teatret.
​I samarbeid med Dramatikkens Hus. 

Det Norske Teatret 2021 

Under. (Røyst)

«Og du ror lenger ut/Legg årene inn/der fjorden er djupast/Stikk handa nedi/tankestraum og viljevind/Let vatnet møte fingertuppane dine/Og armen din blir gjennomsiktig/flytande og fylt med/moreld»

Bestilling til Teaterfestivalen i Fjaler, som del av «Røyst - eit høyrespel for fjorden.
I samarbeid med Dramatikkens Hus

Teaterfestivalen i Fjaler, 2020
Festspillene i Bergen, 2021

Frostskade.

To personar. I ein bil, i snødrev, på fjellet. I byen. Berre dei, medan vegen bles over med snø. Og verda veit ikkje. Og verda vert kaldare, og kvitare. Og verda er mest opptatt av seg sjølv. Og verda treng varme jakker, store skjerf. 
Kald vind på bar hud. 

Tekstutvikling med støtte frå Dramatikkens Hus
Omsett til tysk med støtte frå NORLA. 

Dramatikkens Hus, 2018. Høyrespel. 
Theater Konstanz, Tyskland, 2019.

Lik meg.

«Denne verda er som alle andre verder. Det finst folk, og det finst reglar. Verda vår finst i universet, men er ikkje ein jordklode.  Ho har ikkje temperatur, ikkje vind og ikkje vær. Ho har ikkje krig, ikkje fred, ikkje landegrenser. Ho har ingen synlege grenser. Eg lurer på om ho kanskje er grenselaus.»

Eit stykke for ungdom, skrive for DUS - Den Unge Scenen

Omsett til samisk og russisk.

DUS,12 ulike oppføringar, 2019
DUS, Det Norske Teatret, 2019

Bilde av frukt som rotnar.

Folk seier sjå det fine huset. Folk seier no er det lenge sidan dei har klipt graset. Alt lar seg reparere om ein skjønar korleis. Det kan vere fint å ta seg ein dusj, bruke såpe som luktar godt, kjøpe fleire mjuke puter til sofaen. Det kan vere fint å feste augo på eit bilde av frukt. Her skildrast eit hus som er i ferd med å falle saman, og dei to som bur der. Det handlar om livet som ikkje blei som ein hadde tenkt.

Tekstutvikling med støtte frå Kulturrådet
Omsett til tysk med støtte frå NORLA

Norsk Dramatikkfestival 2017
Statstheater Mainz, Tyskland, 2019

Culparegelen.

Ved Avdeling for fordeling av skuld, ansvar og dårleg samvit jobbar dei no for eit konfliktfritt arbeidsliv. Det er kanskje for godt til å vere sant? 

«Culpa blir særleg brukt i erstatningsretten også kalla culparegelen, subjektiv skuld». Inspriasjonskjelda til denne teksten var ei juridisk avhandling om mobbing i arbeidslivet, samt rettsdokument frå norske rettsaker knytta til dette. —Men dette er ikkje dokumentarteater. 


Tekstutvikling med støtte frå Kulturrådet.

Norsk Dramatikkfestival 2015

Heim I.

Heim II.

Bidrag til framsyningane Heim I (Hordaland fylke 1965-1975 og Heim II (Hordaland fylke 1975-1985)

Det Vestnorske Teateret 2018 og 2019

“Det finst sommarfuglar som stel tårer for å overleve. Lett set dei seg på nakken til sovande fuglar, og like varsamt stikk dei sugesnabelen sin inn i augekroken deira for å forsyne seg. Og slik er det kanskje. At om ein ikkje har eigne tårer, må ein få dei frå ein stad, må ein få dei frå nokon andre»

— Frå sceneteksten «Kunsten å se