Mari Hesjedal er dramatikar, scenograf og kostymedesignar. Ho har filmutdanning frå International Film School of Wales, og ein Master i Scenografi frå Central Saint Martins College of Art and Design i London. I 2013-14 gjekk ho på Forfattarstudiet i Bø.

Har brei erfaring i scenekunstfeltet som scenograf og kostymedesignar. Jobbar både ved institusjonsteater og i det frie feltet. Dei siste åra inkluderer produksjonar ved Teater Ibsen, Turnéteatret i Trøndelag, Brageteatret, Det Vestnorske Teateret og Den Nationale Scene i Bergen.

Eg elskar å lage teater og å vere tett på det kreative samarbeidet i scenerommet. Eg har erfaring med mange ulike sceneuttrykk, frå samtidsdans og fysisk teater, til spel, dokumentarteater og intermediale uttrykk. Som scenograf jobbar eg saman med regissøren og resten av det kunstnariske laget for å integrere alle delar av det visuelle konseptet med forteljinga og dei sceniske handlingane.

Hesjedal debuterte som dramatikar på Norsk Dramatikkfestival i 2015. Har sidan skrive for b.l.a. DUS, Det Vestnorske Teatret, Festspillene i Bergen, Teater Vestland og Det Norske Teatret. Var i 2018 og 2019 husdramatikar ved Dramatikkens Hus. Stykket «Sov ikkje» hadde premiere ved Det Norske Teatret i 2021. Sist aktuell med «Mot regn» på Bergen Dramatikkfestival.