MARI HESJEDAL
  • Home
  • Scenografi
  • Dramatikk
  • Updates
  • Info
  • //English
  • Home
  • Scenografi
  • Dramatikk
  • Updates
  • Info
  • //English
Search


DRAMATIKK​

GRATIS OG UFORPLIKTANDE VERDIVURDERING

Hanne og Andreas har funne draumehuset. Vi følger småbarnsforeldra  i dagane fram mot bodrunden . Fleire spørsmål melder seg: Kven er det som eigentleg har dratt lasset i alle desse åra? Er lengten etter draumehuset like mykje eit forsøk på å få forholdet til å henge saman? Og kva konsekvensar får fortidas små og store svik for den viktige avgjerda som ligg framfor dei? 

«Gratis og uforpliktande verdivurdering» er basert ein roman av Marit Eikemo
Teater Vestland 2022

MOT REGN

Tora bur i byen med babyen sin, og verda er full av barnegråt. Inne, ute, over alt er det nokon som treng. Verda er full av menneske som treng henne, og ute regnar det. Utan stopp. Alle sluser er opne. 
Mot regn handlar om ei mor og eit barn, om menneske i fred og på flukt, om ei verd som vert våtare.
(Veldig) Fritt etter Noas Ark.  
Visning TBC 2022
​
Målgruppe: Vaksne
Karakterar:  12 

Tekstutvikling med støtte frå Kulturrådet og Dramatikkens Hus

SOV IKKJE

I Sov ikkje møter vi Eg, som i mangel på søvn, slit med å skilje røyndom og fantasi. Ho leitar etter Ho, som var saman med henne, men som no er borte. Kva har skjedd og kva er Eg si rolle i det heile? Gjennom hovudrolla sitt perspektiv blir vi tatt med på ei reise gjennom ein by, i eit forsøk på ein rekonstruksjon av noko som har hendt - eller har det eigentleg det?
 Det Norske Teatret 2021 

Målgruppe: Vaksne
Karakterar: 11 (fleire karakterar kan spelast av same skodespelar)

Bestillingsverk, Det Norske Teatret.
​I samarbeid med Dramatikkens Hus. 

UNDER

Du set deg i ein bil, i ein buss, i ein båt
​Du ror
Ut
Ut
Utan motor
Festspillene i Bergen 2021
Teaterfestivalen i Fjaler 2020

Bestilling til Teaterfestivalen i Fjaler, som del av "Røyst - eit høyrespel for fjorden" .
I samarbeid med Dramatikkens Hus


FROSTSKADE

To personar. I ein bil, i snødrev, på fjellet. I byen. Berre dei, medan vegen bles over med snø. Og verda veit ikkje. Og verda vert kaldare, og kvitare. Og verda er mest opptatt av seg sjølv. Og verda treng varme jakker, store skjerf. 
Kald vind på bar hud. 
Høyr FROSTSKADE her
Dramatikkens Hus, 2018. Høyrespel. 
Theater Konstanz, Tyskland, 2019. Lesning.

Målgruppe: Vaksne

​Karakterar: 2

Tekstutvikling med støtte frå Dramatikkens Hus
Omsett til tysk med støtte frå NORLA. 

LIK MEG

Det finst folk og det finst reglar: Lik meir. Le meir. Se meir. Del meir. Lik lykke. Lik venner. Lik kvite tenner. Lik høge ambisjonar. Lik telefonar. Lik resultat og prestasjonar. Lik meg. LIK MEG handlar om å finne seg  sjølv, (i) kvarandre. Det handlar om å like og bli likt i ei verd som kanskje er grenselaus. Det handlar om kjensler og kyss, og eit virus.
Høyr utdrag frå LIK MEG
DUS - Den Unge scenen 2019 
Det Norske Teatret 2019

Målgruppe: Ungdom
Karakterar: 11
​(Alle namn og roller er kjønnsnøytrale. For unge aktørar)


Bestillingsverk for DUS - Den Unge Scenen 
Omsett til samisk og russisk. 
​​

BILDE AV FRUKT SOM ROTNAR

Folk seier sjå det fine huset. Folk seier no er det lenge sidan dei har klipt graset. Alt lar seg reparere om ein skjønar korleis. Det kan vere fint å ta seg ein dusj, bruke såpe som luktar godt, kjøpe fleire mjuke puter til sofaen. Det kan vere fint å feste augo på eit bilde av frukt. Her skildrast eit hus som er i ferd med å falle saman, og dei to som bur der. Det handlar om ting som ikkje blei som ein hadde tenkt.
​
Norsk Dramatikkfestival 2017
Statstheater Mainz, Tyskland, 2019 

Målgruppe: Vaksne
Karakterar:  2

Tekstutvikling med støtte frå Kulturrådet

Omsett til tysk med støtte frå NORLA
Høyr OM TEKSTEN her

CULPAREGELEN

Ved Avdeling for fordeling av skuld, ansvar og dårleg samvit jobbar dei no for eit konfliktfritt arbeidsliv. Det er kanskje for godt til å vere sant? 
​

«Culpa blir særleg brukt i erstatningsretten også kalla culparegelen, subjektiv skuld». Inspriasjonskjelda til denne teksten var ei juridisk avhandling om mobbing i arbeidslivet, samt rettsdokument frå norske rettsaker knytta til dette. Men dette er ikkje dokumentarteater. 
Norsk Dramatikkfestival 2015

Målgruppe: Vaksne
Karakterar:  3
​
Tekstutvikling med støtte frå Kulturrådet.

HEIM II

Hordaland fylke i åra 1975 - 1985
​
MARGIT ved telefonen, ved telefonbordet. Ho tek opp røyret, legg det til øyret. 
MARGIT: Ja, hallo. 
Det Vestnorske Teatret 2019

Samskriving/bidrag til større verk

HEIM I

Hordaland fylke i åra 1965 - 1975

Hei det er meg. Det er meg, Elisabeth. Det er meg, Vera. Det er meg Claudia. Nei eg kjem ikkje heim. Ikkje endå.
Det Vestnorske Teatret 2018

Samskriving/bidrag til større verk
Høyr utdrag frå HEIM I

Picture
Foto: Andreas Roksvåg
Picture
Picture
Picture
Picture
Foto: Hordaland Teater
Picture
  • Home
  • Scenografi
  • Dramatikk
  • Updates
  • Info
  • //English